Medan du les

Når du les i ein akademisk samanheng, er det nyttig å lære seg teknikkar for å stille aktive spørsmål og ta notatar til det du les. Slik får du både betre med deg kva teksten handlar om og korleis han er skriven. I det følgjande får du nokre lesetips som hjelper deg å bli ein meir bevisst og erfaren akademisk lesar.

Ver obs

Så lenge du sjølv øver deg på å lese akademisk tekstar, bør du unngå å la KI-verktøy gjere jobben for deg. Brukt riktig, kan likevel KI-verktøy vere nyttig som støtte i møte med vanskelege tekstar.

Leseteknikkar for akademiske tekstar

Det kan vere krevjande å lese ein akademisk tekst. For å forstå innhaldet og meininga i teksten, anten det er til eit seminar eller ein eksamen, er det difor nyttig å vere bevisst korleis du les. Hugs at ein god lesar er en aktiv lesar. Det er ikkje teksten som skal tenkje for deg, men du som skal tenkje ved hjelp av teksten!

Her er tre teknikkar du kan øve på for å få mest mogleg ut av lesinga din.

Lesing for å få overblikk (skumlesing)

Du les for å orientere deg i teksten og for å skape ditt eige inntrykk av kva teksten dreier seg om, omfanget av teksten og korleis det er presentert. Du ser først og fremst på innleiing og konklusjon, overskrifter og dei første setningane i kvart avsnitt.

Føremålet med å få overblikk over teksten kan vere å finne ut kva for delar av teksten du vil lese grundigare, eller å vurdere kor mykje tid du vil bruke på han, for eksempel avhengig av vanskegrad eller relevans (f.eks. dersom du vurderer å bruke teksten i ein del av oppgåva di). Her er det også verdt å nemne at før du brukar mykje tid på ein tekst du har funne sjølv er det viktig å vurdere om han er påliteleg

Lesing + skriving = sant

Lesing for å forstå (djuplesing)

Du les for å forstå innhaldet og meininga i teksten på ein sjølvstendig måte. Du ser meir konsentrert og fokusert etter hovudbodskapen i teksten, tankegang, argumentasjon og problemstilling. Nokre gonger er det også aktuelt å sjå nøyare på oppbygging i teksten og den retoriske heilskapen.

Ein vanlig teknikk for å forstå teksten på eit djupare nivå er å stille spørsmål til teksten. Du kan for eksempel stille spørsmål ved påstandane i teksten og kva for grunngjeving som blir gitt for desse. Du kan også stille spørsmål ved metoden som er brukt for å komme fra til resultata som presenterast. Svara du får kan leie til nye spørsmål, og slik kan du ha ein slags samtale med teksten.

Du kan også slå opp ord og uttrykk du ikkje forstår. Sjå for eksempel:

Lesing + skriving = sant

Tips: Les for å skrive godt

Når du les andre sine akademiske tekstar, lærer du mykje av å sjå på struktur, språkhandlingar, setningsoppbygging, ordvalg og argumentasjon. Det er nærmast umogleg å skrive ein god, akademisk tekst dersom du aldri har lese ein.

Lesing for å hente ut informasjon (nærlesing)

Du les delar av stoffet meir grundig for å lære i detalj. Du les «ord for ord» for å lære innhaldet, for å hente ut presis, konkret informasjon, for å leggje merke til nyansar, eller for å kunne stoffet utanåt.

Korleis bruke teknikkane ved å lese ein tekst i fleire omgangar

Før du bruker mykje tid på ein tekst, er det viktig å vurdere om teksten er påliteleg. Det kan også vere nyttig å danne seg eit inntrykk av teksten som heilskap før du går i djupna. Her er nokre steg du kan følgje for å bruke dei ulike leseteknikkane:

  1. Orienter deg i teksten (skumles). Få eit første overblikk, finn ut kva slags tekst det er og kva han dreier seg om. Studer innhaldsliste, overskrifter, mellomtitlar, samandrag og referanseliste. Les gjerne også innleiing og konklusjon. På den måten stiller du betre førebudd til sjølve lesinga, du har allereie en idé om kva som kjem.

  2. Les gjennom teksten raskt (skumles). Les gjennom heile teksten utan å ta notatar, bortsett frå eventuelle små merke. Dersom det er noko du ikkje forstår: Les vidare. Dersom du ikkje synest du forstår noko som helst: Les likevel. Du kjem tilbake til det både ein og to gongar.

  3. Les teksten grundig (djuples). Denne gongen les du for å forstå mest mogleg. Fordjup deg i teksten. Bruk penn og papir eller elektronisk notatverktøy, og ta notatar medan du les. I løpet av semesteret kan du bygge deg opp eit «notat-» eller «pensumarkiv». Et slikt arkiv er gull verdt når du skal repetere før eksamen eller skrive oppgåver.

  4. Les for repetisjon (skumles og nærles). Når du har orientert deg i teksten, lest raskt igjennom og deretter jobba grundig med å lese og notere, kan du leggje teksten til side. Når du så kjem tilbake til teksten, for eksempel veka etter, kan du lese gjennom han raskt og kanskje sjå nærare på dei viktigaste delane. Mest sannsynleg vil du oppfatte teksten litt annleis no.

Tenk etter

Kva du oppfattar som det viktigaste i teksten, kan forandre seg. Første gang du jobbar med en vanskeleg tekst, kan det hende du gjettar ganske mykje av kva som er viktig i teksten. Det er ikkje sikkert at du gjettar rett i første omgang. Ver open for at du kan ha oversett noko viktig, kanskje til og med det viktigaste.

Etter kvart som du les fleire tekstar, kan du få bruk for å gå tilbake til og lese ein tekst på nytt, fordi perspektivet ditt har endra seg. Kanskje forstår du argumentasjonen betre etter å ha lest noko anna, eller ser nytten av teksten på ein annan måte fordi du har endra problemstillinga di?

Akademiske sjangrar

Når du studerer, les du ulike typar tekstar: Lærebøker, oppslagsverk, vitskapelege og populærvitskapelege artiklar og essay, konferanseinnlegg, rapportar og avhandlingar. Du les med andre ord tekstar i ulike sjangrar. Å vere bevisst kva slags sjanger du har å gjere med når du les ein tekst, er ein del av tekstforståinga.

Sjanger er også nyttig å tenkje på når du skal skrive akademiske tekstar sjølv, og lét deg inspirere av tekstar du les (f.eks. modelltekstar). Skal du for eksempel skrive ein heimeeksamen eller ei bacheloroppgåve der du skal drøfte, kan det vere nyttig å sjå på ein vitskapeleg artikkel i staden for eit kapittel i ei lærebok. Dette er fordi ein fagartikkel, i tillegg til å bruke språkhandlingar som å forklare, beskrive og fortelje om stoffet på samme måte som ei lærebok, også tek stilling til stoffet ved å problematisere og argumentere, altså drøftar.

Kva for språkhandlingar som vektleggjast vil variere frå sjanger til sjanger, og mellom fag. På skulen lærer ein om både skjønnlitterære sjangrar (dikt, noveller, romanar, skodespel) og om sakprosasjangrar. Innanfor sakprosa finn vi både akademiske og ikkje-akademiske sjangrar. Eksempel på det siste er journalistiske sjangrar som leiarartiklar og nyheitsreportasjar.

Tips: Still spørsmål til teksten

Eit av spørsmåla du kan stille til ein tekst, er: Kva gjer denne teksten no? Forklarar han? Beskriv han? Fortel han? Argumenterer han? Kva meir gjer han?

Ved å spørje slik, kan du skjerpe di forståing av kva som føregår i dei tekstane du les. Då vil lesinga også fungere som ei aktiv førebuing til di eiga skriving.

Sist oppdatert