Etter at du har lese
Korleis ta gode notatar
Medan ein les ein tekst, hender det at ein tenkjer: «Det var interessant, det visste eg ikkje, det må eg huske på». Korleis kan du ta med deg vidare desse glimta av innsikt?
Å skrive stikkord, markere og streke under i teksten medan du les er en teknikk du kan bruke for å bli ein meir aktiv lesar. Men ver merksam på at det å streke under er lett og ikkje nødvendigvis det same som å trekkje ut viktig informasjon. Å formulere viktige poeng sjølv og ordne stoffet i eigne notatar er vanskelegare – men gir til gjengjeld eit større utbytte.
Tips
Vent gjerne med understrekning og notering til du har lese igjennom teksten, eller til du har lese nok til at du forstår kva retning teksten tek og kva han dreier seg om. Dersom du festar deg for mykje ved detaljar, kan du oppleve at det blir vanskelegare å gripe heilskapen i teksten. Legg merke til stader i teksten der forfattaren samlar argumenta sine eller der hovedpoenga kjem mest tydeleg til uttrykk.
Skriv notatar til det du les i eit eige dokument
Dette vil automatisk få deg til å skrive betre og meir informative notatar enn om du berre noterer i sjølve teksten.
Skriv ei setning som oppsummerer hovudpoenget i kvart avsnitt i teksten
På denne måten får du god oversikt over gongen i teksten og har eit godt utgangspunkt for å skrive samandrag.
Avklar viktige fagomgrep
Skriv ein kort definisjon på eit fagomgrep i teksten, etterfølgt av eit kort refleksjonsnotat om korleis du kom fram til denne avgrensninga basert på teksten. Reflekter gjerne også over nokre vanlige kriterium for definisjonar. Dei skal:
- avklare
- treffe riktig omfang, og
- vere anvendelege
Lag system i markeringane dine/korleis du markerer i teksten
Bli einig med deg sjølv om kva for teikn du bruker til å markere kva med. Strekar, dobbeltstrekar, ringar rundt bestemte omgrep, utropsteikn eller kryss er eksempel på teikn ein kan bruke til å markere i teksten. Når du tek fram teksten igjen, går det raskare å få auge på det viktigaste.
Bruk verktøy som hjelper deg å halde orden på tekstar og notatar
Med Zotero og tilsvarande verktøy kan du samle både tekstar du les og notatar du skriv på ein stad. Det blir også lett å sitere kjeldene dine når du kjem til oppgaveskrivinga. Dersom du ønskjer å samarbeide om å samle kjelder og dele notatar, kan du enkelt gjere det i Zotero.
Her kan du sjå korleis Zotero kan gjere din studiekvardag lettare:
Skrive samandrag
Å skrive samandrag med eigne ord er ein veldig god metode for å sette seg inn i og forstå ein tekst. Når du skriv samandrag, bør du konsentrere deg om å få fram hovudtrekk ved føremålet for teksten, argumentasjon og struktur.
Samandraget skal vere lojalt ovanfor originalteksten. Det gjeld å framstille problematikken og argumentasjonen i ein tekst på teksten sine eigne premiss. Poenget med å skrive samandrag er ikkje å kritisere synspunkta eller å belyse eigne problemstillingar. Skriv samandraget med sikte på å gi att andre sine påstandar og argument – med dine eigne ord – på en slik måte at forfattarane ville kunne seie: «Ja, det var det eg meinte».
Å skrive samandrag kan vere krevjande, men svært nyttig for å forstå og hugse det du har lese. I tillegg gir det gode forutsetningar for å kunne bruke tekstane du har lese i tekstane du skal skrive sjølv (hugs kjeldehenvisning!) og i faglege diskusjonar.
Annotert bibliografi
For å få oversikt over tekstane du har lese, kan du lage ein såkalla «annotert bibliografi». Dette er ei litteraturliste der du inkluderer samandraga du har skrive i tillegg til sjølve referansen. I ein annotert bibliografi kan du også inkludere di eiga vurdering av tekstane, for eksempel vurderingar av korleis dei er relevante for problemstillinga du jobbar med.
Studiegrupper
Å diskutere tekstar med andre er ein god måte å få eit aktivt forhold til innhaldet på. Du les meir oppmerksamt, og hugsar betre, dersom du veit at du skal diskutere tekstane med nokon etterpå. Gjennom å diskutere øver du deg på å bruke omgrep og på å argumentere. I høgare utdanning brukar ein ofte uttrykket kollokviegrupper, frå det latinske ordet for samtale, colloquium.
For at gruppearbeidet skal vere effektivt er det viktig å planlegge:
- Bli einige om kva de skal diskutere og fordel ansvar på førehand.
- Bytt på å legge fram tekstar, slik at alle får trening i å forklare og kommentere fagstoff munnleg.
Sjølv om det også går an å diskutere «på sparket», vil ei kollokviegruppe utan planlegging og førebuing ofte fortape seg i retningslaust «prat». Det går fint ein gong eller to, men på sikt er det lite tilfredsstillande.
Jo tidligare i studiet de lagar ei kollokviegruppe, jo betre. Begynn som ei lese- og diskusjonsgruppe. Når de etterkvart skal i gong med å skrive oppgåver, kan de bruke kvarandre som lesarar. Få ting er meir nyttig enn å få kommentarar frå medstudentar.
Sist oppdatert