Før du les
Lag deg ein god plan!
Når ein ser føre seg alle sidene som skal lesast i løpet av eit semester eller alt som må gjerast i samband med ei stor oppgåve, kan ein fort bli overvelda. Dette kan motverkast gjennom god planlegging. Du kan lage planar på fleire nivå, for eksempel ein overordna plan for heile semesteret, ein plan for kvar veke eller for kvar enkelt leseøkt. No skal du få inspirasjon til korleis slike planar kan sjå ut. Men før du les vidare, høyr gjerne Birger Solheim sine råd om korleis du som student kan bli en betre lesar:
Framdriftsplan
Ein framdriftsplan er ei oversikt over ulike aktivitetar du skal gjennomføre over ein lengre periode, det vere seg eit heilt semester eller ein eksamensperiode. Det kan hende at førelesar gir deg ein ferdig utarbeida framdriftsplan for emnet, men dersom ikkje, er det ei veldig nyttig øving å gjere det sjølv. Ved å lage ein framdriftsplan gir du deg sjølv oversikt over kva tekstar som skal lesast til kva førelesningar, delmål for oppgåver, innleveringsfristar og eksamensdatoar. Kva framdriftsplanen inneheld, er avhengig av kva du skal planlegge, det vil seie om du førebur deg til ein skuleeksamen, skal levere ei semesteroppgåve eller jobbar med ei større sjølvstendig oppgåve. Emnesidene på lærestaden din er ein viktig ressurs for å lage framdriftsplan. Her finn du timeplan for førelesningar og seminar, litteraturlister og læringsmål for emnet, og informasjon om oppgåver og innleveringsfristarfristar.
Leseplan
I løpet av studietida skal du lese mykje, og då er det lurt å lage strukturerte leseøkter. Mange tykkjer det er nyttig med ein personleg og systematisk plan for lesinga. Leseplanen kan seie noko om kor lenge du skal lese, når du skal skrive og arbeide vidare med stoffet du har lese, og når du bør ta pausar mellom øktene.
Eksempel på leseplan
- Bestem deg for kva du skal lese.
- Legg vekk mobil og pc (eller skru av varsel dersom du les på skjerm)
- Les i tre økter på 25 minutt med fem minutt pause mellom øktene.
- Skriv i ti minutt om det du har lese, det kan vere eit sammendrag av artikkelen eller kapitlet du har jobba med, eller spørsmål til ting du ikkje forsto medan du las.
- Ta pause i 30 minutt.
- Gjennomfør tre nye økter med lesing og deretter ei kort skriveøkt, som vist i punkt 3 og 4.
No har det gått litt over tre og en halv time der du fått inn seks fokuserte leseøkter og arbeida vidare med det du har lese skriftleg!
Justering av planar og realistiske mål
Det er viktig å hugse på at planane du lagar ikkje er hogd i stein, men ofte må justerast undervegs. Gjennom semesteret vil du få ny informasjon om omfanget av oppgåver, delmål og fristar. Etter kvart vil du også bli betre kjend med korleis du likar å arbeide, og kan justere planane deretter. Når du lager planar og justerer dei, er det viktig å sette mål som er realistiske. Kanskje hadde du planlagt å lese heile pensum to gonger, men ser etter kvart at du ikke vil rekke det fordi tida ikke strekk til. Då kan du justere planen slik at du kjem gjennom pensum ein gong, og prioritere å ta notatar undervegs. Gode notatar kjem godt med når du førebur deg til eksamen!
Tips: Ver realistisk
Ikkje set deg mål som er så ambisiøse at du ikkje klarar å oppfylle dei. Då er risikoen stor for å skuffe seg sjølv. Eit moderat, men realistisk mål kan alltid oppjusterast når du får meir trening!
Nokre generelle anbefalingar
Blokkere distraksjonar
Å blokkere distraksjonar handlar om ta aktive grep for ikkje å bli avleia frå det ein skal gjere. Sosiale medium er designa for å fange merksemda vår, difor kan det vere lurt å legge mobilen ute av syne eller i eit anna rom i arbeidsperiodane. Å arbeide med analoge, fysiske medium heller enn digitale – bok heller enn pc – er også ein måte å hindre seg sjølv frå å stadig sjekke om det har skjedd noko nytt. Når du les og skriv med penn og papir aktiverer du dessutan større delar av hjernen, noko som gjer at du både lærer og hugsar betre.
Du kan også koble frå internett dersom du ikkje treng det, eller bruke appar for å avgrense bruken av mobil og pc.
Ta pausar
Å ta pausar er ein viktig del av studiekvardagen. Det bidreg til å halde konsentrasjonen oppe slik at du får meir ut av kvar enkelt arbeidsøkt. I tillegg bidreg pausar til motivasjon og inspirasjon. Styr tida di slik at du får teke skikkelege pausar. Du bør legge inn korte pausar i løpet av studiedagen og lengre pausar på ettermiddagar, i helgar og feriar. I pausane kan gjere ting du tykkjer kjekt, som å ta ein kaffepause med ein studiekamerat, trene, lese ei god bok eller sjå på TV.
Tips: Ikkje jobb deg heilt tom
Avslutt arbeidet før du blir utsliten, og medan du framleis har ting igjen å gjere. Då blir det mykje lettare å ta opp att tråden neste dag!
Bli kjent med din eigen studiestil
-
Det finst ingen oppskrift som passar for alle. Ved å bli klar over kva som gjer at du arbeider godt over tid, kan du effektivisere studiedagane dine.
-
Start med å finne ut når på døgnet du arbeider best
-
Lag ei enkel rutine som set deg i studiemodus. For nokon kan det vere å kome på lesesalen kvar dag kl 09.00, for andre, å lage seg seg ein kopp te. Det viktige her er det konkrete signalet til hjernen, om at no startar studiedagen
-
Ein god dagsrytme kan skapast ved å veksle mellom ulike aktivitetar som å lese, skrive notatar eller sammendrag, ta pausar, bevege seg og diskutere fagstoff med medstudentar
-
Finn ein arbeidsrytme som kan brukast gjennom heile semesteret
Sist oppdatert