Lesing
I byrjinga av studiet er det vanleg at du får beskjed om kva for tekstar du skal lese. Ofte vil nokre av tekstane på pensum vera krevjande. Dei inneheld gjerne nye omgrep, vanskelege formuleringar og komplekse resonnement. Mange tykkjer det er vanskeleg å finne motivasjon og konsentrasjon til å lese desse skikkeleg. Ein av grunnane til dette er kanskje at det krev mykje lesetrening for å meistre det å lese og forstå akademiske tekstar. Det er vanleg å oppleve frustrasjon, motgong og tilbakesteg. Trøysta er at det finst mange gode tips for å få struktur på leseøktene og at du vil bli løna med leselyst og forståing etter kvart som du kjem i leseform.
Tips
Ein god studiekvardag handlar også om livskvalitet, meistring, kognitiv trening og gode rutinar. Nettressursen Eksamenskoden dekkjer mykje av dette. Ta gjerne ein tur innom!
I det følgjande vil vi gå igjennom nokre grep du kan gjere før, under og etter lesinga for å lese lengre og meir krevjande akademiske tekstar på ein smart og aktiv måte.
Modulen vil gi deg nyttige innspel til dei ulike fasane av leseprosessen
Før du les: Planlegging og nokre generelle anbefalingar
Medan du les: Ulike leseteknikkar for ulike formål
Etter at du har lese: Korleis huske det du har lese
Innhaldet i denne modulen om lesing er inspirert av AU Studypedia som er utvikla av Aarhus universitet. AU Studypedia er eit oppslagsverk om ulike aspekt ved studielivet, og anbefalast også av oss i Søk & skriv-redaksjonen!
Sist oppdatert