Ulike kjelder
Ifølgje Store norske leksikon er ei kjelde eit opphav til kunnskap, for eksempel ein person med kjennskap til temaet. Kjelder kan du med andre ord finne på dei aller fleste stader: på nettet, i bøker, i artiklar osb.
Kva er formålet med kjelda?
Når du skal finne informasjon til oppgåva di vil du sjå at informasjon kan bli framstilt på mange ulike måtar og i ulike format. Å skrive oppgåve handlar mykje om å finne fram til relevante og gode kjelder. Kvar kjelde har si meining og sitt mål. I mange tilfelle vil kjelder som føl den akademiske sjangeren best byggje opp under argumentasjonen og det faglege innhaldet i oppgåva di. Andre gonger er det meir relevant å nytte t.d. lover eller oppslagsverk. Kva kjelder du treng vil avhenge av kva du skriv om og kva du ønskjer å poengtere.
Artiklar
Me skil mellom ulike typar artiklar. Når me skriv om artiklar i denne samanhengen, viser me først og fremst til artiklar publisert i vitskaplege tidsskrift. Det kan også vere relevant å bruke såkalla fagartiklar, det vil seie artiklar som er skrive av fagfolk og publisert i seriøse kanalar, men som ikkje oppfyller krava til ein vitskapleg publikasjon. Avisartiklar og tekst skrive for ulike nettsider kjem ikkje inn under denne kategorien.
Ein vitskapleg artikkel vil vere ei god og trygg kjelde til kunnskap. Om du finn vitskapelege artiklar om ditt tema vil det kunne styrke oppgåva di. Pass på at du alltid vurderer kjeldene dine fagleg.
Vitskapleg artikkel
Ein vitskapleg artikkel er ein tekst der forfattaren greier ut om eit emne eller ei sak. Ein vitskapleg artikkel må presentere ny innsikt og vere i ei form som gjer resultata etterprøvbare eller nyttige i ny forsking. Den vitskaplege artikkelen blir brukt til å formidle forskningsresultat innanfor og på tvers av vitskaplege miljø.
Oversiktsartikkel/review-artikkel
Ein oversiktsartikkel er ein forskingsartikkel som gir overblikk over eit fagleg spørsmål på bakgrunn av eit større antal studiar. Artikkelen presenterer ei samanfattande analyse av kunnskapsstatus på feltet som skal gjere det lettare for forskarar å orientere seg om dei store linene i forskinga.
Fag- eller forskingsartikkel?
Det er vanleg å skilje mellom fag- og forskinsartikkel, og det blir forventa at du veit kor dette skiljet går.
Ifølgje Sykepleien.no har ein forskingsartikkel som føremål å presentere ny forsking, medan fagartiklar oppsummerar kunnskap som allereie er kjend. På grunn av forskningsartikkelen sitt krav om at resultata skal kunne kontrollerast og etterprøvast skal denne type artikkel derfor innehalde nøyaktig informasjon om korleis forskarane har gått fram for å undersøke problemstillinga.
Tips
Forskingsartiklar vil ofte vere merka med formuleringar som «research article», «peer reviewed» «scholarly» eller liknande. Dersom artikkelen ikkje er merka kan du vurdere om artikkelen presenterer ny kunnskap, eller om han tek utgongspunkt i kunnskap som er presentert tidlegare. Vurder også metodekapittelet for å sjå om funna kan etterprøvast.
Fagfellevurdering (peer review)
Fagfellevurdering inneber at ein artikkel blir vurdert av minst to fagpersonar innan same forskningsfelt før han blir akseptert for publisering. Artikkelforfattar får tilbakemelding på tekst og får konkrete forslag til forbetringar som må utførast før artikkelen eventuelt kan bli publisert. På denne måten blir artikkelen kvalitetssikra. Dette skal bidra til at artikkelen føl akademiske og vitskaplege normer som er gjeldane innanfor faget.
Essay
Det klassiske essayet er ein personleg forma artikkel. Det er tydeleg prega av forfatteren sine eigne meningar og haldninger. Forfatteren kan ta i bruk personlege opplevingar, anekdotar eller metaforar som illustrerande eksempel. Det er ofte skrive for å underhalde og kan førast i eit assosiativt språk. Essayet er ein sjanger som ligg mellom fagtekst og prosatekst.
Akademisk essay?
Det akademiske essayet er ein sjanger som sjeldan er særleg klårt definert. Dersom du blir beden om å skrive eit «essay» er det viktig å studere retningslinene på faget sine emnesider og liknande.
Populærvitskapleg artikkel
Den populærvitskaplege artikkelen vil i likskap med den vitskaplege artikkelen og fagartikkelen formidle ny innsikt og forskingsbasert kunnskap. Her er det imidlertid ei målsetting å kommunisere ny kunnskap utover det vitskaplege forskningsfellesskapet til eit «breiare lag av folket». Populærvitskaplege artiklar har ofte ei journalistisk språkdrakt. Du finn desse på nettstader som for eksempel Illustrert Vitenskap. Kravet til etterprøvbarheit er svakare enn i den vitskaplege artikkelen. Ein lemper på krav til belegg og empiri, og som i essay er bruk av metafor vanleg.
Andre kjelder
Det finst mange kjelder som kan vere relevante for deg som student, under presenterer me eit utval.
Lærebok
Ei lærebok er ein type tekst skrive for studentar som skal introduserast til eit nytt fag eller emne. Læreboka refererer teoriar og faghistorikk, der målet er å inkludere studentar i eit akademisk fellesskap med sin særeigne diskurs. Ein læreboktekst tek ikkje stilling til kva som er ”det rette svaret” i faget, men dei teoriene forfatteren legg mest vekt på er ofte dei som ligg han eller ho sjølve nærast som fagperson.
Avhandling og andre studentoppgåver (eigne og andre sine)
Ei avhandling er eit lengre vitskapeleg arbeid som er avgrensa til eit emne innanfor faget. Eksempel er masteroppgåve, hovedoppgåve og doktorgradsavhandling. På desse nivåa er det strenge krav til teoriar og metodar, og fagmiljøet forventar nye forskingsresultat eller tilnærmingar til tema.
Bacheloroppgåver og andre mindre studentoppgåver kan nyttast som inspirasjon. Du kan få nyttige tips om tema for oppgåva di, gode lesetips i kjeldelister, oppsett og struktur. Me tilrår ikkje at du bruker slike oppgåver som faglege kjelder.
Hugs
Du skaper sjølv eit åndsverk når du skriv oppgåva di! Vel du å nytte ei oppgåve du har levert tidlegare, skal du vise til denne som eiga kjelde.
Nettstader
Det er mange ulike nettstader som kan vere relevante å nytte som kjelder. Du kan nytte Google til raskt å finne informasjon, lese nettaviser for å finne siste nytt, eller sjå korleis emnet ditt blir dekka i media. Eit googlesøk kan gi deg treff på alt frå fagfellevurderte forskingsartiklar til hardkokte konspirasjonsteoriar. Ved å nytte internett som kunnskapskjelde blir du stilt ovanfor eit hav av informasjon. Det er såleis særs viktig at du vurderer det du finn kritisk med tanke på innhald, kontekst og opphav.
Leksikon og oppslagsverk
Leksikon og oppslagsverk inneheld fagleg, kvalitetssikra informasjon. Innhaldet varierer frå korte innførslar til oversiktsartiklar som samanfattar sentral teori og forskning innanfor eit emne. Sisnemnde kan dermed vere ei viktig kjelde til referanser.
Tips
Nytt gjerne fagspesifikke leksikon som for eksempel Store Medisinske Leksikon.
Treng du definisjonar til omgrep, ord og uttrykk, kan leksikon og oppslagsverk vere gode kjelder.
Kronikk
Kronikk er ein relativt kort artikkel av opplysande eller resonnerande karakter, oftast i ei avis og skrive av ein som ikkje er tilsett i avisa. Kronikkar nyttast ofte av forskarar til å bringe forskingsbasert kunnskap inn i den offentlege meiningsutvekslinga.
Nyheiter
Nyheiter kan nyttast for å aktualisere eit emne og fortelje noko om korleis det blir omtala i media.
Bilete, fotografi, illustrasjonar, biletkunst
Du har lov til å bruke foto du har teke sjølv, men hugs at i dei fleste tilfelle må avbilda personar gi samtykke.
For andre sine foto og kunstverk, er det meir komplisert. Hovudregelen er at du må ha samtykke frå opphavaren (det enklaste er å spørje!). Men nyttar du eit kunstverk eller eit bilete i ein vitskapleg, ikkje-kommersiell samanheng – slik ei studentoppgåve vil vere – kan eit offentleiggjort bilete nyttast. Dette kan vere aktuelt om du skriv oppgåve om ein kunstnar sine verk. Merk at desse verka og bileta ikkje kan nyttast som reine illustrasjonar, men må inngå som ein del av argumentasjonen i oppgåva.
Mange universitet og høgskular tilbyr databasar med bilete som er lisensiert for fri bruk. Sjekk med din institusjon. Du kan òg finne bilete til fri bruk via Creative Commons Search, eller søke i Google og definere lisens under verktøy-fana.
Tips
BONO er ein opphavsrettsorganisasjon for biletkunst. Sjekk om din institusjon har avtale med BONO eller sjå på moglegheita for å søke om enkeltlisens. Les meir om kva ein eventuell avtale gir rett til her: Delrett.no
Tabellar og grafar
Vil du nytte ein tabell eller ein graf frå eit publisert verk, er det ikkje tillate å kopiere han inn i ditt eige arbeid utan samtykke frå opphavar. Skriv heller med dine eigne ord kva tabellen eller grafen seier – og vis til han, eller lag din eigen. Det enklaste kan vere å spørje opphavaren om lov til å bruke tabellen eller grafen.
Feltarbeid og observasjonsstudiar
I fag der deltakande observasjon er nytta som metode, er informantar ei viktig kjelde. Odd Are Berkaak, professor i sosialantropologi ved UiO, fortel i ein video om korleis du skriv informantar inn i teksten din.