Akademisk frasebank (nynorsk)

Her finn du døme på setningar, uttrykk og vendingar som er mykje brukt i akademiske tekstar. Frasane er delt inn i tema som kan vere til hjelp når du skal strukturere ein tekst. Dei er faguavhengige og nøytrale, og du kan bruke dei utan å referere til frasebanken. Som regel må du tilpasse frasen til føremålet for teksten og din eigen skrivestil.

Frasebanken er dynamisk. Kom gjerne med innspel om du meiner noko kan bli betre!

Vise til tidlegare studiar utan å ta stilling

Desse frasane kan du bruke når du skal presentere andre sine idear eller forsking på ein nøytral måte:

  • Det er ei vanleg/utbreidd oppfatning at …
  • I følgje nyare/enkelte/ei rekke studiar … [referanse til studiane]
  • Nokre/mange (forskarar/fagpersonar) har vore opptekne av / legg vekt på at … [referanse til studiane]
  • Eit (relativt) vanleg synspunkt er …
  • Diskusjonen dreier seg om …
  • Hovudfunna her er …

Vise til tidlegare studiar og støtte seg på desse

Desse frasane kan du bruke til å introdusere idear som du er samd i og bygger vidare på:

  • Som Hansen (2020) har påvist/dokumentert/peikt på/kasta lys over …
  • Eg legg Gundersen sin definisjon til grunn når eg skal diskutere X
  • Her støttar eg meg på / tek eg utgangspunkt i …
  • Ein kan bruke Gundersen sitt skilje mellom X og Y til å forklare …
  • Eit viktig utgangspunkt for denne undersøkinga er [teori X], som …

Stille seg kritisk til tidlegare studiar og teoriar

Desse frasane kan du bruke når du skal vise svakheiter eller avgrensingar ved ein teori/forklaring, etc., og dermed underbygge relevansen av ditt eige prosjekt:

  • Dei fleste studiane av X har (berre) fokusert på …
  • Ei avgrensing/ei mogleg svakheit ved ei slik tilnærming er at …
  • Denne tilnærminga kan vere mangelfull dersom/i tilfelle der …
  • Tidlegare forsking/studiar har vore avgrensa til / har ikkje teke omsyn til …
  • [Forsking X] er lite spesifikk når det gjeld …
  • *Feltet ditt* er eit relativt nytt forskingsfelt, og har difor ingen/lite …
  • Tidlegare studiar har hatt ein tendens til å fokusere på X heller enn Y
  • Tidlegare studiar er ufullstendige når det gjeld …
  • Den eksisterande forskinga forklarar ikkje korleis/kvifor …
  • Det har ikkje vore mogleg å generalisere desse resultata fordi …
  • Resultata er basert på data frå (t.d. 1990), og det er usikkert om det ville sett likt ut i dag
  • Dette er eit kontroversielt tema, og forskarar har ikkje blitt samde om …
  • Gundersen anerkjenner ikkje / overser at / tek ikkje høgde for / tek ikkje omsyn til …
  • Ei svakheit ved studien er/ser ut til å vere …
  • Studien forklarer ikkje korleis X skil seg frå Y …
  • Ein (viktig, betydeleg) svakheit/problem/mangel ved teorien/metoden/forklaringa/argumentet er …
  • Teorien forklarer ikkje korleis / tek ikkje høgde for …
  • Ein mogleg kritikk av [teorien] er at …
  • Eit spørsmål ein må/kan stille, er …
  • Gundersen sitt argument baserer seg i for stor grad på …
  • Ei avgrensing ved denne forklaringa er …

Desse frasane kan du bruke for å komme med konstruktive forslag til endring, og dermed underbygge ditt eige perspektiv:

  • Studien kunne vore meir interessant/relevant dersom …
  • Dersom studiet hadde fokusert på … kunne ein …
  • Undersøkinga kunne med fordel …
  • Spørsmålet burde heller vere …

Definere omgrep

Du kan bruke desse frasane for å definere eit omgrep:

  • *Omgrepet* vert (ofte/vanlegvis/gjerne) definert som …
  • Ein vanleg definisjon av *omgrepet* er …
  • Mange har definert *omgrepet* som …
  • Definisjonen eg nyttar her, er …
  • Gundersen (2002) definerer *omgrepet* som …
  • Med omgrepet *omgrepet* meiner eg her …

Formulere problemstilling/forskingsspørsmål

Desse frasane kan du bruke til å formulere eitt eller fleire spørsmål som teksten din svarar på:

  • Med utgangspunkt i X, vil denne oppgåva ta for seg følgjande spørsmål: «Korleis/På kva måte … ?»
  • For å undersøke [dette], vil det sentrale spørsmålet vere / vil det vere sentralt å få vite korleis …
  • Eg vil difor ta føre meg følgjande spørsmål: …
  • Problemstillinga/hovudspørsmålet/forskingsspørsmålet er …
  • For å belyse problemstillinga, skal eg ta føre meg tre forskingsspørsmål: A, B og C.

Skildre

Desse frasane kan du bruke når du skal skildre metodar som har blitt brukt tidlegare:

  • Det finst fleire metodar for måling av X, som *metode*, *metode* og *metode*
  • Mange har brukt *metoden* for å måle/undersøke/studere …
  • Ein mykje brukt metode for å undersøke … er *metoden*.
  • *Metoden* er den vanlegaste/mest brukte metoden for å undersøke …

Desse frasane kan du bruke for å grunngi valet ditt av metode:

  • Ein eigna måte å undersøke dette på er *metoden*
  • For å kunne undersøke X, er det hensiktsmessig å bruke *metoden*
  • Fordelar ved *metoden* er …
  • På grunn av X og Y kan *metoden* vere ei eigna tilnærming

Desse frasane kan du bruke for å vise svakheiter ved metoden:

  • Ein føresetnad for å kunne bruke *metoden* er …
  • Avgrensingar/svakheiter/problem/ulemper ved bruk av *metoden* kan vere …
  • *Metoden* gir ikkje pålitelege resultat når det gjeld …

Samanlikne

Desse frasane kan du bruke når du skal introdusere ulikskapar:

  • X skil seg frå Y på fleire måtar …
  • X har mange likskapstrekk med Y, men skil seg ut ved …
  • Gundersen har funne/påpeika/identifisert viktige ulikskapar mellom X og Y …
  • I motsetnad til tidlegare studiar fann eg ingen bevis på at X er tilfelle
  • Gundersen fann store skilnader i førekomsten av X hjå …
  • Der X handlar om Xi, handlar Y om Yi
  • Denne tolkinga skil seg frå/står i kontrast til Gundersen og Hansen si tolking. Dei argumenterer for at …

Desse frasane kan du bruke når du skal introdusere likskapar:

  • Det er ei rekke fellestrekk mellom X og Y. For det første … For det andre …
  • X og Y deler fleire eigenskapar, som …
  • Effektane av X liknar effektane av Y, nemleg …
  • Denne definisjonen liknar Gundersen (2022) sin, som går ut på at …
  • Desse resultata kan ein samanlikne med …
  • Tilnærminga i denne undersøkinga liknar andre studiar av X
  • Studiar har samanlikna X hjå norske og amerikanske studentar, og funne sentrale likskapar

Desse frasane kan du bruke for å indikere ulikskap over to setningar

I demokratiske samfunn har innbyggjarane politisk innverknad.

  • Dette står i kontrast til …
  • Dette er ei motsetning til …
  • Slik skil demokrati seg frå …

… styreforma i eit diktatur, der den politiske innverknaden er avgrensa.

Desse frasane kan du bruke for å indikere likskap over to setningar:

Innbyggjarane i Noreg vel representantar til Stortinget.

  • På same måte
  • Likeins
  • På liknande måte

… vel amerikanarane representantar til senatet og kongressen.

Gje døme

Desse frasane kan du bruke når du skal gje døme på noko:

  • Til dømes gjennomførte Hansen og Gundersen eit eksperiment der dei …
  • Eit anna døme på kva ein meiner med X, er …
  • Eit døme på dette er Gundersen sin studie av …
  • Dette er demonstrert i studien …
  • X syner godt kva Y kan bety, nemleg …
  • Ved å sjå til X kan ein illustrere …
  • Eit liknande tilfelle i England syner at …

Eit …

  • velkjend
  • mykje brukt
  • sentralt
  • godt
  • klassisk
  • nyttig
  • viktig
  • illustrerande

døme på X er …

Desse frasane kan du bruke når du skal bruke eit døme for å støtte eit argument:

  • Dette (dømet) syner/illustrerer at …
  • Som dette dømet syner/viser, er det viktig å …
  • Dette dømet syner/viser behovet for …
  • Dette dømet syner/viser korleis …
  • Dømet som er lagt fram her, bygger opp under ideen/påstanden om at …

Argumentere og drøfte

Desse frasane kan du bruke når du vil synleggjere din eigen argumentasjon for lesaren:

  • Hovudpåstanden min er at …
  • Hovudpåstanden i oppgåva/teksten er …
  • Påstanden/ideen eg skal argumentere for, er …
  • Poenget er at …
  • Oppgåva tek utgangspunkt i tre sentrale påstandar. Desse er …
  • Eg vil undersøke/underbygge påstanden ved å …
  • Eg vil argumentere for X ved å vise til …
  • Eg vil diskutere nokre vanlege innvendingar mot dette argumentet …
  • No har eg teke føre meg tre argument for X. I komande avsnitt vil eg fokusere på innvendingar mot desse argumenta.
  • Som eg argumenterer/har argumentert for …

Desse frasane kan du bruke når du vil stille spørsmål ved ein idé eller påstand:

  • Diskusjonen har teke opp X og Y. Eit spørsmål ein kan stille seg, er …
  • Sjølv om … vil eg likevel hevde at …
  • Problemet med denne framstillinga av X, er …
  • Ein mogleg kritikk av X er …
  • Sjølv om det kan vere gode grunner for å hevde X, kan ein likevel spørje om …
  • Det er likevel ikkje godtgjort at …
  • I lys av X, kan ein spørje seg om …
  • Er det rimeleg å gå ut frå at … eller kan det òg …?
  • Ei anna, mogleg forklaring kan vere …
  • I kontrast til X, ser det ut til at …

Desse frasane kan du bruke til å kaste lys over eit fenomen eller ein idé frå alternative eller nye perspektiv:

  • Ei vel så interessant vinkling kan vere …
  • Ein kan også spørje seg om X ikkje like gjerne …
  • I eit slikt perspektiv, blir det (òg) tydeleg at …
  • For å studere/forstå/kaste lys over X, vil det vere interessant å sjå på …
  • I lys av x, kan det sjå ut til at …
  • Dersom x er tilfelle, vil det òg kunne …
  • Ei nærliggande forklaring er …
  • Ei alternativ tolking …

Konkludere ei argumentasjonsrekke

Desse frasane kan du bruke når du skal konkludere i eit avsnitt:

  • Dette syner at …
  • Resultatet av det som så langt er vist/lagt fram, er at …
  • På grunnlag av X vil eg argumentere for / hevde at …
  • Difor/altså er det gode/tilstrekkeleg med grunnar til å hevde …
  • Til slutt / samla sett vil eg seie at …
  • Eit avsluttande poeng er at …
  • Poenget med dette er å vise …

Skape flyt i teksten

Desse frasane kan du bruke for å rettleie lesaren gjennom teksten og gjere argumentasjonen lettare å følgje:

  • Som (tidlegare) nemnd …
  • Som eg tidlegare har understreka …
  • Med utgangspunkt i [spørsmålet], vil eg sjå på …
  • For å belyse [spørsmålet], vil det vere nødvendig å undersøke / sjå på / ta føre seg…
  • I neste avsnitt skildrar / tek eg føre meg / undersøker eg …
  • I det følgjande / vidare vil eg argumentere for …
  • … etter diskusjonen av X vil eg ta føre meg Y.
  • Eg rettar no merksemda mot …
  • I lys av X, vil eg no diskutere Y.
  • Før vi held fram med X, er det viktig å understreke at Y.
  • Så langt har eg fokusert på X. Vidare vil eg …
  • Før eg forklarar teori A, vil eg …
  • Med ein definisjon av X, kan vi no sjå på …
  • Slik eg har vist er X, Y og Z. Eg/oppgåva går no over til ein diskusjon av …
  • På bakgrunn av X, har vi sett at …
  • Kapittelet har teke føre seg … Neste kapittel vil rette seg mot å diskutere …
  • I det følgjande vil eg utdjupe denne diskusjonen ved å …

Skildre resultat i talmateriale

Fraser for å skildre trendar i talmateriale:

Grafen syner at det har vore ein … Figuren syner korleis det har vore ein/eit … Frå tabellen ser vi at det har vore ein/eit …

  • svak

  • sterk

  • bratt

  • gradvis

  • stadig

  • merkbar

  • oppgang

  • nedgang

  • auke

  • løft

  • fall

i talet på skilsmisser i Noreg sidan 1980.

Desse frasane kan du bruke når du skal understreke tendensar i talmateriale:

  • Det sentrale
  • Det som utmerkar seg
  • Det påfallande
  • Det interessante
  • Det som er verdt å merke seg

… i tabellen

… grafen

… figuren

er veksten …

(den raske, stabile, svake) oppgangen/veksten i …

… er variasjonen i …

… er (den raske/stabile/svake) … nedgangen/fallet i …

er skilnaden mellom …

Desse frasane kan du bruke når du skal skildre konkrete resultat i talmateriale:

  • meir enn

  • litt over

  • rett over

  • rundt

  • nesten

  • så mange som

  • om lag

  • færre enn

  • rett under

  • godt under

  • halvparten

  • ein tredjedel

  • 30% 50% 80%

… av informantane

… av intervjuobjekta

… av deltakarane

… av utvalet

  • sa at …

  • sa seg einige i …

  • rapporterte om …

Drøfte funn og resultat

Desse frasane kan du bruke når du skal skildre resultat som stemmer med tidlegare studiar:

  • Studien stadfestar at X er assosiert med …
  • Dette resultatet er støtta av …
  • Funnet stemmer overeins med Gundersen sin studie frå 2003, som …
  • Samanlikna med tidlegare studiar bekreftar resultata at …
  • Dette stemmer òg med tidlegare observasjonar som syner at …
  • Det er likskapar mellom desse funna/observasjonane/resultata og det som kjem fram i …
  • Observasjonane vert underbygde av …

Desse frasane kan du bruke når du skal skildre resultat som bryt med tidlegare studiar:

  • I motsetnad til tidlegare studiar syner våre/mine resultat at …
  • Desse funna syner det motsette av tidlegare studiar, nemleg …
  • Der tidlegare studiar har synt at X, peiker desse funna/resultata mot …
  • Hansen viste i 2003 at … Dette skil seg frå denne studien ved å/at …
  • Tidlegare har det blitt hevda at … Dette syner/viser seg å ikkje stemme, fordi …
  • Samanlikna med tidlegare forsking …
  • Eit anna syn på …

Nyansere, ta atterhald, vise til usikkerheit rundt resultat

Desse frasane kan du bruke når du skal formidle at det kan vere fleire årsaker til at noko skjer:

  • B kan vere resultat av A.
  • B er truleg ei følgje av A.
  • Det er sannsynleg at A leier/fører til B.
  • Det er grunn til å tru at B kjem av A.
  • Ei sannsynleg/mogleg forklaring er/kan vere …
  • Ein kan ikkje utelukka at forklaringa kan vere …
  • Førekomsten av A kan kome av B
  • Det er fleire moglege forklaringar/årsaker…
  • Årsaka til at resultata spriker, kan vere …
  • Ei mogleg forklaring på variasjonen i resultata er …
  • Ei mogleg/rimeleg tolking kan vere …

Avslutning eller konklusjon

Desse frasane kan du bruke for å avslutte med ei oppsummering:

  • Analysen/undersøkinga av … har gitt eit innblikk i …
  • Hovudargumentet i analysen har vore at …
  • Eitt av dei sentrale resultata i denne undersøkinga er at …

Desse frasane kan du bruke for å konkludere:

  • Målet/hensikta med analysen/undersøkinga er, som skildra i innleiinga, å svare på spørsmålet/*problemstillinga*
  • Forskingsspørsmålet/problemstillinga/utgangspunktet for denne undersøkinga/analysen var …
  • Svaret på [spørsmålet] er at …
  • Som undersøkinga syner, er det gode grunnar til å hevde at…
  • Konklusjonen av undersøkinga er at …
  • Undersøkinga/studien syner korleis …
  • Data/funna frå denne studien syner at …
  • For å konkludere vil eg/vi trekke fram …

Desse frasane kan du bruke for å vise viktigheita/tydinga av din studie:

  • Undersøkinga/analysen/studien bidreg dermed med …
  • Studien gir innsikt i forhold/tilhøve som er viktige når det gjeld …
  • Når det gjeld betring/førebygging/forståinga av X, vil denne studien kunne vere eit bidrag.
Oppdatert:

Høyskolen på Vestlandet
Høgskulen på Vestlandet
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen
Universitetet i Oslo
Universitetet i Oslo